Tux Paint logo

Tux Paint


▤ Meny | ⇩ Last ned Tux Paint

Gratis teikneprogram for ungar i alle aldrar

Amo Tuxpaint
By Liamoo

View more from the gallery
or other screenshots.

Tux Paint er eit fritt og gratis prisvinnande teikneprogram for ungar frå 3 til 12 år. Det passar bra for både barnehage og barneskule. Det vert brukt til øving i digitale ferdigheiter i skular over heile verda. Og det er lett å bruka, med artige lydeffektar og ein kjekk pingvinmaskot som hjelper til.

Du får blanke ark og ei mengd med forskjellige teikneverktøy for å fylla dei. (Sjå oversikta over alle funksjonane.)

(Òg vaksne likar Tux Paint, både for nostalgiens skuld og som eit avbrekk frå meir kompliserte teikneprogram. Og sidan det har mange innebygde verktøy for spesial­effektar, har det blitt populært blant folk som lagar «glitch-kunst».)

21. juli 2023 - Tux Paint 0.9.31 and friends have been released and are available for Microsoft Windows, Apple macOS, Red Hat Linux, Slackware Linux, ulike Linux-distroar (via Flatpak), & Haiku. (Oppdatert 22. juli 2023.)
1. juli 2023 - We've posted a series of interviews with artists who use Tux Paint. Visit the Interviews page to read them!

Last ned for:
Windows
Windows
11, 10, 8, 7
& Vista
Android
Android
5.0 Lollipop
eller nyare
macOS
Apple macOS
10.10 Yosemite
og nyare
Linux
Linux
Haiku
Haiku

Fleire nedlastingsval
Vis systemkrav

For macOS, Windows, Linux og andre operativsystem!

Den nyaste versjonen av Tux Paint kan brukast på ei rekkje ulike operativ­system, blant anna Windows (Vista og nyare), macOS (10.10 og nyare), Linux, Android og Haiku. Eldre versjonar av Tux Paint finst òg for nokre andre operativsystem.


SourceForge Project of the Month
June 2011
Project of the Month | June 2011
Fleire omtalar og prisar …

Kor mykje kostar det?

Tux Paint er heilt gratis og utan reklame. Det er fri og open kjeldekode og vert distribuert under vilkåra i GNU General Public License. Det er laga på dugnad av frivillige frå heile verda. Me håpar òg andre vil synast at programmet er morosamt – og dela det med vennar og familie.

Sidan Tux Paint ikkje har nokon lisens­kostnader eller bruks­avgrensingar, kan skular ta det i bruk i dag, utan å måtta gå omvegen om innkjøpsordningar og skulebudsjett!


Last ned Tux Paint i dag, og ver kreativ!


[Eit Tux4Kids-sponsa prosjekt]

Andre Tux4Kids-program du kanskje vil lika:

Tux, of Math CommandTux Typing


Visste du? Tux Paint køyrer direkte på datamaskina di og treng ikkje tilgang til Internett.