Tux Paint 0.9.14 er no klar

New Breed Software lanserer ny utgåve av leiande open kjeldekode-basert teikneprogram for barn

[ Cymraeg | English | Español | Français | Indonesia | Italiano | Japanese | Norsk nynorsk | Chinese ]

12. oktober 2004 (Internett) – New Breed Software er stolte over å kunna melda årets første utgåve av Tux Paint 0.9.14, det kritikarroste teikneprogrammet for barn. Dei siste ni månadene er det gjort mange forbetringar, og komme til fleire nye funksjonar etterspurde av både lærarar og foreldre.

Tux Paint 0.9.14 har blant anna eit nytt oppsettverktøy, samt ein flott, ny fargeleggingsboksfunksjon. Og grunna det internasjonale utviklingslaget og fokuset er programmet no tilgjengeleg på heile 46 språk, inkludert nynorsk og bokmål.

Høgdepunkt

Nye funksjonar

Forbetringar

Betre språkstøtte

Nye stempelteikningar

Feilrettingar

Ei fullstendig liste over endringane finn du i endringsloggane for Tux Paint og for stempelbileta.

Korleis få tak i Tux Paint 0.9.14?

Alle kan fritt lasta ned Tux Paint 0.9.14 frå nedlastingssida http://www.newbreedsoftware.com/tuxpaint/download/. Her finn de installasjonsprogram og kjeldekode for Microsoft Windows og fleire Linux-distribusjonar.

Tux Paint er heilt gratis, og all kjeldekode, medfølgjande teikningar og hjelpetekstar ligg under ein fri open kjeldekode-lisens.

Korleis kan eg hjelpa til?

Tux Paint er utvikla på dugnad og med bidrag frå over 80 menneske frå alle kantar av verda. Sjå støttesida for å læra meir om korleis du eller verksemda di kan støtta utviklinga av Tux Paint.


Varemerker: Linux er eit registrert varemerke tilhøyrande Linus Torvalds. Apple og Mac OS X er registrerte varemerker tilhøyrande Apple Computer, Inc. Microsoft og Windows er registrerte varemerke tilhøyrande Microsoft Corp.

Pressemelding skriven av: William Kendrick
Omsett av: Karl Ove Hufthammer


Pressekontaktar

Asia
Muguntharaj
Malaysia
Email: mugunth@thamizha.com

Nord-Amerika
William Kendrick
2210 Rock St. #33
Mountain View, CA 94043
USA
Phone: (650) 691-0498
Email: bill@newbreedsoftware.com

Sør-Amerika
Gabriel Gazzán
Tacuarembó 1442 Of. 1116
Montevideo
Uruguay
Phone: (598-2) 309-1158